oskeladden (oskeladden) wrote in granskogen,
oskeladden
oskeladden
granskogen

moi et mon degrin

10.3.2004    13:26

Ein ting som eg er veldig flink til er å laga mondegrinar.

*****

For dei som ikkje kjenner ordet: Ein mondegrin (mi norskifisering av engelsk 'mondegreen') er ein song som ein mishøyrer på ein morosam måte. Ordet sjølv har ein interessant historie. Det var oppfunne av ein veldig namngjeten engelskmann (så namngjeten faktisk at eg aldri kan hugsa namnet hans). Då han var unge hadde han ein utlending til barnejente (ho var frå det fjerne Skottland), og ho likte å syngja songar frå det vilde, utemde landet. Ein av dei sat fast i hugsen hans. "The Bonny Earl of Moray" heitte denne, og var slik:

Ye highlands and ye lowlands, O where hae ye been
They hae slain the bonnie earl of Moray, and Lady Mondegreen

Så romantisk og poetisk, tenkte han. Ei uredd ung dame, som døydde med mannen sin. Men etter at barnejenta hadde drege sin veg, visste han at dei var dei einaste orda som han hugsa. Han byrja å leita etter songen, og ein vedunderleg dag kom han på ei bok av skotske songer. Han åpna boka, glad og ivrig, og las orda... men livet hadde hjartelaust lurt han. Fordi han hadde høyrt songen feil. Der i boka stod dei ekte orda:
They hae slain the bonnie earl of Moray, and laid him on the green

Ingen romantiske damer, ingen tragiske daude. Berre ein vanleg, blodig borgarkrig.

Men han ville ikkje la Lady Mondegreen bli gløymt så lett. Derfor vaks han opp, blei namngjeten (vel...), og så skreiv han om den uredde dama frå barndomen sin. Og det verka, for no har ho blitt eit ord, og skal aldri bli gløymt.

*****

Av og til har eg byrja å tru at eg var han fødd på ny fordi eg har aldri sunge ein song heilt rett, og det har gjeve vennene mine mange ugløymande morosame dagar. Spesialt når eg prøver å snakka om engelske songer som eg liker. Ta, t.d., Boney M sin song "Rivers of Babylon" der dei syng "How shall we sing the Lord's song in a strange land?" 'A strange land??' Kva betyr det?? Eg har alltid sunge songen slik "How shall we sing the Lord's song in Australia". Now det er heilt forståeleg!

Og ta også den 60s songen, "my boyfriend's back", der ho vitrar den ormeaktige gutten "You better cut out like the devil." I min versjon fordømmer ho han: "You baked a cutlet with the devil!" Mykje betre, ikkje sant vel?

Men i går måtte eg godta at eg ikkje var kongen til mondegrinrike, fordi eg høyrde ein venn av meg syngja den amerikanske folkevisa "Tom Dooley". I den originale fekk Tom Dooley ei stor fordømming: "hang down your head and cry" (av skam?). Men songaren hadde også litt samhug, fordi han også sa "poor boy, you're bound to die." Men då vennen min song songen blei samhugen berre barbariske hemn, for no var Tom Dooley fortalt: "Hang by your balls and die!".

Au!

(Viss de har eigne mondegrinar kan de godt kommentera!)
  • Post a new comment

    Error

    default userpic

    Your IP address will be recorded 

  • 0 comments